The New Magic – Duo
Platemesse konsert!
Mamelukk og Naaljos Ljom
Torsdag 4. feb. kl. 19:00
Kjøp billett| Scene: | Hovedscenen |
|---|---|
| Pris: | 330,- |
| Huset åpner: | 18:00 |
| Salsdørene åpner: | 19:00 |
I Nattsvermere møtast Naaljos Ljom og Mamelukk – to skaparkrefter som på kvart sitt vis dyrkar folkemusikken, kroppen og rytmen med både andakt og anarki.
Saman med publikum legg dei ut på ei reise i grenselandet mellom performance, konsert, klubb og fridans, og opnar dørene til eit musikalsk og fysisk univers der alt kan skje.
Naaljos Ljom, duoen frå Rogaland, hentar driv frå slåttar, springarrytmer og arkivopptak frå heile landet. Med fele, synthar, trommer og tungt trøkk tweakar dei tradisjonsmusikken til nye høgder.
Med Silje Onstad Hålien – kunstnarleg leiar og koreograf – i spissen, møter Mamelukk musikken som eit levande bilete, eit kroppsleg svar på ekstasen i spelet, i eit rom der lyd og rørsle smeltar saman, og der publikum blir dregne inn med øyre, auge og heile kroppen.
Naaljos Ljom:
Anders S. Hana – hardingfele, munnharpe og langeleik
Morten Joh – synth, trommemaskin og slagverk
Mamelukk:
Anita Vika Langødegård
Margit Myhr
Silje Onstad Hålien
Silje Risdal Liahagen
Solveig Hårdnes
Kreativ produsent: Rannveig Øygardslia
Velkommen til vår Hovedscene! Baren vår Centralen holder åpent fra 18:00. Hovedbar inne på Hovedscenen, vil ved store arrangementer også være åpen.
HC-plasser: Ta gjerne kontakt med oss på forhånd dersom du har HC-bevis og trenger spesielle behov ved din konsertopplevelse.
På denne scenen brukes det tidvis scenerøyk og lys med strobelignende effekt. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.
Lurer du på noe mer? Se Ditt Besøk for mer info.
Søket ditt ga dessverre ingen treff.
Men kanskje noen av våre mest populære arrangementer faller i smak?